Styremøte 20.04.16

Styremøte i Skjåk hestlag 20. april 

 

Til stades på møte: Åsne Hagen, Ida EisarStorbråten, Elise Forberg, Astrid Sveine, Lovise Fritjofsen, Ingeborg Haugen Flatmo og Anita Haugen. 

 

Sak 1: Klubbstevne 28. mai. 

Grener: Vi ynskjer å arrangere klubbstevne i:  

  • Sprang – Feil og stil, Clear Round 20, 40, 60 og 80 cm 

  • Dressur – RLD1, LC1 og LB1 (20×40 bane) 

  • Kjøring – dressur eller presisjon 

 

Frivillige: Vi treng mange frivillige. Meld frå til nokon i styret om du kan hjelpe til denne dagen.

 

Sak 2: Klubbvestar:  

Vi vart samde om å bestille svarte vestar frå Marianne Sandbakken. Vestane finst i både barn og vaksen storleik. Vestane kostar 499 og 599. Klubben får da 20% rabatt på vestane. Marianne tek inn eit par vestar som vi kan sjå på og prøve før vi bestiller.   

For medlemmane vil ein vest koste 500 kr for barn og 600 kr for vaksen inkl. brodering av logo på ryggen og namn på brystet.  

Vi tek førehandsbestilling og førehandsbetaling for vestane fram til 1. juni. Anita tek imot bestillingar. 

 

Sak 3: Brøyting og slodding 

Vi utsette avgjerda om brøyting til seinare.  

Kurt Inge Fossbakk har teke på seg ansvaret for slodding. Styret vart samde om at han skriv timeloste og får 100 kr. pr. gong. Da held han bil og diesel sjølv.  

Bana vil bli slodda kvar fredag eller laurdags morgon. Om nokon skal arrangere noko på bana og ynskjer slodding utover dette, tek dei kontakt med Ingeborg. 

 

Sak 4: Fjordingsmartna 

Barneridning: Åsne har vore på møte om Fjordingsmartnan. Dei ynskjer at vi stiller med hestar til barneridning laurdag og sundag. Ida og Ingeborg tek ansvar for å undersøke kven i laget som har hestar som egnar seg til barneridning og organiserar dette. Håpar mange kan stille og hjelpe til, da dette er ein grei måte å tene penger på.  

 

Camp: Hestlaget har brukt å haft camp med lavoar og hestar på martnadsplassen. I år vil festen mest truleg bli arrangert på jordet ved kyrkja både fredag og laurdag. Det kjennes difor ikkje trygt å ha hestane gåande der om natta blant fulle folk. Vi har difor tilbod om å ha hestane ned ved grusbana i grov, eller i stall Kroken, Ingeborg avklarar dette med Ove og Jotunheimen hestlag 

 

Gymkana: Jotunheimen hestlag har utfordra laget til lokaloppgjer i gymkana mellom Lom og Skjåk. Her må vi prøve å stille lag. Elise undersøker kor mange deltakarar og hestar vi treng. Elise tek også imot påmeldingar om nokon vil delta.  

 

Sak 6: Reglar for bruk av bana:  

Det kom forslag til ting vi ynskjer å ha med i reglane:  

  • Plukk opp møkk og for på bana og ved bindebommane etter deg. 

  • Ta omsyn til andre. Bind hestane med forsvarleg avstand frå kvarandre.  

  • Bana er for medlemmar og dei som betaler baneleie på førehand.  

  • Ha kontroll på hestane. 

  • Følg høgreregelen og reglar for forkjørsrett på sporet (utdjup og forklar) 

  • Merking med sløyfe i halen (skriv opp fargekoder) 

Vi treng ein kontaktperson for bana. Ingeborg tok på seg oppgåva og nr, hennar skal stå på oppslagstavla.  

Det kom forslag om å ha kontrollar på bana for å skjekke om folk betaler baneleie. (Straffegebyr på 500?) 

Anita skriv inn forslaga som er kome til neste møte, slik at vi ser på dei saman før dei blir hengt opp.  

 

Sak 7: Ynskje om å utvide ridebana:  

Det har kome forslag om å utvide ridebana med 20 meter, slik at ho også er godkjent for kjøring. Styret diskuterte for og imot dette, men konkluderte med at ei utviding er avhengig av at vi får meir areal av grunneigar fyrst. Elles har vi ingen god plass å binde hestane, da andre sida av bana ved rundpadocken er tungvint. Anita og Åsne ordnar eit møte med grunneigar, man han er ikkje lett å få tak i.  

 

Det kom også ynskje om å skifte botn på ridebana. Alle var samde om at dette var ynskjeleg, da botn som er der no er tung og dårleg. Men dette er eit større kostnadsspørsmål, og vil bli drøfta på ny om vi får forlenga kontrakta med grunneigar.  

 

Sak 8: Ny dugnad:  

Vi vil arrangere ny dugnad tysdag 24. mai frå 16.00. Folk kjem etter kvart som dei er ferdige på arbeid. Vi held varm grill, så folk har høve til å ta med seg mat og grille seg middag om dei vil.  

Oppgåver til dugnaden:  

  • Flytte brakka (Ingeborg hører med Syver) 

  • Påbygg av gapahuk ved brakka til å lagre hindermateriell 

  • Måle eit strøk til på bana 

  • Lage meir dressurrailar (Anita) 

  • Lage ei grind til (Anita) 

  • Beise rundpadocken? 

 

Sak 9: Finndalstur 

Hestlaget kjem ikkje til å arrangere tur i år. Men stall Sæter har 10-års jubileum og Randi Grete er open for at dei som vil kan bli med på Finndalsturen. Kor mange vi kan vera er noko avhengig av kor mykje beite vi har i Finndalen. Randi Grete undersøker dette og kjem med meir informasjon seinare.  

 

Sak 10: Bakkearbeidskurs:  

Vi har spurt Randi Grete om å arrangere bakkearbeidskurs. Ho har ikkje tid til dette i vår, men arrangerar gjerne eit i haust. Meir info kjem. 

 

Sak 11: Lundadalsrittet 

Vi tek sikte på å arrangere Lundadalsrittet i haust. Dette er opprinneleg ein ide frå Stall Sæter, og har vore eit samarbeid mellom dei og laget. Randi Grete har vore primus motor for dette og har sagt ja til å halde fram med det om folk stiller opp å hjelp til.   

 

Sak 13: Rekrutere dommarar og banebyggarar i laget:  

Laget ynskjer å rekrutere eigne dommarar og banebyggarar. Det kom forlsag om at laget sponsar medlemmar som ynskjer å på kurs, mot at dei tek på seg å dømme/bygge for laget. Er nokon interessert i dette? 

 

Sak 15: Innkjøp til ridebana:  

Det manglar eit trillebårdekk og greiper på bana. Ingeborg tek ansvar for å handle inn dette.  

 

Sak 16: Barneridning på Ståk i Skjåk:  

Vi har fått spørsmål om vi kan ta på oss barneridning på Ståk i Skjåk (3. – 5. juni) Barneridninga vil bli på Mogarden. Det er også ynskje om kjøring. Ingeborg og Ida tek ansvar for dette.  

 

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

15.10 | 21:25

Minya Helene Kleiven Renaa ønsker å bli medlem. (Junior, med bladet hestesport).

...
01.08 | 22:28

Kan den som har ansvar for stevnet i september ta kontakt med meg? Har mistet tlf nr... Hilsen dommer'n

...
20.07 | 21:51

Takk for nyttig info

...
14.02 | 20:46

vet ikke om det var noen aldersgrense, men vi har en stall i kommuen her som har ridning til barn fra 4år(tror jeg) :)aktiviteter hver uke :)

...
Du liker denne siden