Referat styremøte 02.08.2016

Styremøte i Skjåk hestlag 2. august

 

Til stades på møte: Åsne Hagen, Lovise Fritjofsen, Elisabeth Bakke, Marianne Kveom og Anita Haugen.

 

Sak 1: Slodding av bana

Kurt Inge Fossbakk ynskjer ikkje lengre å ha ansvar for å slodde ridebana. Han har levert timeliste og fått betalt for det han har kjørt. Han slodder siste gong fredag 5. august, så bana er klar til Mariannetrening.

 

Sak 2: Endringer i styre

Ingeborg Haugen Flatmo ynskjer å trekkje seg frå styret i Skjåk Hestlag pga personlege årsakar. (Skriftleg oppseiing vart levert til styret 26.5.2016.) Vara Marianne Kveom går da inn i styret.

 

Etter noko endringar, er det nye styret som fylgjer:

Leiar: Anita Haugen

Nestleiar: Elisabeth Bakke

Sekretær: Åsne Heldal Hagen

Kasserar: Hans Sæter

Styremedlemar: Marianne Kveom og Elise Forberg

Ungdomsrepresentantar: Lovise Fritjofsen og Ida Eiesar Storbråtå

 

Sak 3: Bana

Anita og Åsne har vore i kontakt med Gudrun og Odd Joar Ramstad. Dei stilte seg positive til å forlenge leiekontrakt til ti år, for at vi skal kunne søke midlar til å utbetre ridebanebotn. Dei var positive til at vi kunne utvide bana og kunne hjelpe oss så vi fekk kopla oss på vatn og straum. Leie for bana er i dag på omlag 1200 kr. pr. år. Denne vart vi samde om å auke, men kjem attende til pris. Anita undersøkjer om dette er noko kommunen kan hjelpe oss å betale.

Ramstad ynskte at vi nytta vegen som går rett fram ved Moar (til venstre inntil jordet) i staden for vegen som går rett over haugane for kjøring til bana. Haugane vil bli dyrka og vegen rett over vil bli stengt. Dei hadde også ynskje om å stengje vegen for almen ferdsel ved å setja opp bom. Medlemmar i Skjåk Hestlag som ynskjer å nytte ridebana vil da få tilgang på nøkkel eller kode til låsen.

Styret brukar vinteren 2017 på å få ferdig ny kontrakt, søke midlar til å utbetre botn og  planlegge utviding av bana, slik at vi kan koma i gang med dette arbeidet våren 2017. Vi ynskjer å halde eit medlemsmøte i løpet av hausten for å informere og ta imot innspel om utviding og utbetring av bana.

 

Sak 4: Utvida klubbstevne 24. – 25. september

Kva

Kven

Gren

 

Sprang

Kjersti Storrusten

60 cm, 70 cm, 80 cm

Vanleg sprang med omhopping

Banebygger sprang

Kjersti Storrusten

 

 

Banebygger kjøring

Tone Løken

 

 

Dressur kjøring

Janne Hetland

LC liten bane, LB liten bane

20x60 bane

Presisjonskjøring

Janne Hetland

40*60 bane

 

Dressur

Ingeborg Victoria Tvete

RLD1, LC2, LB2

 

 

Desse klubbane vil bli invitert på stevne:

-          Jotunheimen hestlag

-          NGRK

-          Lesja og Dovre hestesportklubb

-          Fron ride- og kjøreklubb

-          Ottadalen dølahestlag

 

Forslag til varar i kiosken:

-          Kaffe (1 Ask) 15 kr, 5 for påfyll.

-          Brus og vatn (5 kasser) 30 kr

-          Pølser m/potetstapp og salat (Breheimen mat sponsar oss med pølser)

-          Kanelsnurrer/boller/skolebrød (Marianne spør bakeriet i Lom om sponsing)

-          Startnummer 50 kr

-          Kake/kringle (4 stk.) 15 kr

-          Servietter 150 stk

-          Pappkrus 150 stk (Anita spør banken)

(Dommarane får mat gratis i kiosken)

Sak 5: Banebygger- og dommar-kurs:

Vi ynskjer å utdanne medlemmar i eiga klubb til dømming og bygging av baner.

Sak 6: Lundadalsrittet:

Styret har i samråd med Randi Grete vorte einige om å utsetja Lundadalsrittet til 2017.

 

Neste møte blir onsdag 31. august klokka 18.00 hos Marianne

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

15.10 | 21:25

Minya Helene Kleiven Renaa ønsker å bli medlem. (Junior, med bladet hestesport).

...
01.08 | 22:28

Kan den som har ansvar for stevnet i september ta kontakt med meg? Har mistet tlf nr... Hilsen dommer'n

...
20.07 | 21:51

Takk for nyttig info

...
14.02 | 20:46

vet ikke om det var noen aldersgrense, men vi har en stall i kommuen her som har ridning til barn fra 4år(tror jeg) :)aktiviteter hver uke :)

...
Du liker denne siden