Årsmøtereferat 2017

Årsmøte Skjåk Hestlag   23.02.2017 kl 19.00 på Mogard

 

Desse møtte: Anette Olofsson, Åsmund Bøhle, Camilla Bøhle, Malene Dagsgard, Randi Grete Linnerud, Marit Aurstad, Marit Brekkum, Astrid Sveine, Anita Haugen, Åsne Hagen, Marianne Kveom, Elisabeth Bakke, Elise Forberg, Heidrun Israelsen, Rønnaug Sæther, Hans Sæther, Anne Sæther, Kurt Inge Fossbakk, Ida Eiesar, Magnhild Forberg, Live Lund Sperstadog Susanne Teigom. Totalt 22 frammøtte.

 

1.       Godkjenning av innkalling og sakliste

VEDTAK: Godkjent utan anmerkning.

 

2.       Val av møteleiar, referent og to til å skrive under protokollen

VEDTAK: Referent: Åsne. Møteleiar: Anita Haugen.  Protokoll: Marianne og Kurt Inge.

 

3.       Godkjenning av årsmelding

Anita les opp årsmeldinga i si heilheit for forsamlinga.

Merknad: Camilla Bøhle var gløymt under «Fjordingsmartna» i årsmeldinga. Styret beklager dette.

VEDTAK: Styret si årsmelding samrøystes godkjent med ein merknad.

 

4.       Godkjenning av regnskap

Kasserar Hans Sæther la fram resultatrekneskap og balanse. Revisorar har godkjent regnskap med ein merknad om postboksen som ikkje var tømt.

VEDTAK: Regnskap 2017 er godkjent.

 

5.       Kontingent 2018

Forslag om endring av kontingenten frå 2018. Forslag frå styret:

Junior opp frå 300,- til 350,-

Ordinær opp frå 400,- til 500,-

Familiemedlemskap opp frå 500,- til 700,-

VEDTAK: Forslaget frå styret einstemmig vedteke. Trer i kraft frå 2018.

 

6.       Godtgjersle til styre og andre

Leiar takker i år nei til godtgjersle på 2000 kr for å dekkje underskotet i 2016.

VEDTAK: Det blir ikkje utbetalt godtgjersle til styreleiar for 2016.

 

7.       Val

VEDTAK:  Følgjande vart samrøystes valt:

ü  Styret:

  • ·         Leiar  - Anita Haugen (1 år)
  • ·         Nestleiar - Astrid Sveine (2 år)
  • ·         Kasserar: Hans Sæther (1 år)
  • ·         Sekretær: Åsne Hagen (1 år)
  • ·         Styremedlemmer -Elise Forberg (1 år) og Randi Grete Linnerud (2 år)

Ungdomsrepresentantar - Ida Eiesar(har att 1 år), Camilla Bøhle og Susanne T Østengen.

Vara - 1. Anita Lund og 2. Marit Aurstad

(Anita Lund ynskjer ikkje å sitte som vara. Styret ser på dette på fyrste møte.)

ü  Valkomite: Kurt Inge Fossbakk og Ann Kristin Vangen trekker seg som valkomite.

Ny valkomite: Åsmund/Bjørg Bøhle og Malene Dagsgard.

ü  Revisorar: Marianne Kveom (2 år) og Sevald Åmodt (1 år)

8.       Ny lov for Skjåk Hestlag

Framlegg til ny lov for Skjåk Hestlag lagt fram i tråd med norm frå Norges Idrettsforbund. Lova blir lagt ut på heimesida til laget.

VEDTAK: Ny lov for Skjåk Hestlag samrøystes godkjent.

 

 

Etter dette vart den formelle delen av årsmøtet heva.

 

 

Etter det formelle årsmøtet blir det ein uformell del der det blir informasjon og drøfting av aktiviteten påfylgjande år. Kom gjerne med ønskje!

  • ·         Klubbvestar. Kan medlem kjøpe egne kleder å levere til brodering?

Klubben tek innsamling eit par gonger i året, samtidig som ein kan bestille klubbvesten.

  • ·         Postboks. Åsne seier opp postboksen.
  • ·         Ridebana.  Minnar om at alle tek opp møkk etter seg og ellers ryddar etter seg.
  • ·         Vedlikehold av bana. Vi treng eit system på dette, ein fast person som sloddar bana.

Randi Grete har spurt sin far etter leie av redskap/avtale om «vaktmesterordning». Prate meir med Jan Linnerud. Randi Grete tek litt oppsyn-ansvar.

  • ·         Ynskje om aktivitetar i 2017: Grønt Kort-kurs, kubbstevne, UK/D-stevne, Unghestkurs/samling, fleire soiale treff med og utan hest, inviter Jotunheimen Hestlag på alt vi kan!, Orienteringsløp med hest(Astrid Sveine), knøttecup, div.kurs.
  • ·         Inspill om korleis medlemmer oppfører seg mot ikkje-medlem. Vi må vera inkluderande.
  • ·         Heimeside. Må oppdateres oftare. Facebooksida har ein del kun for medlem og ein del som er open for alle.

 

 

 

---------------------------------------------                    ----------------------------------------------

Marianne Kveom                                                            Kurt Inge Fossbakk  

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

01.08 | 22:28

Kan den som har ansvar for stevnet i september ta kontakt med meg? Har mistet tlf nr... Hilsen dommer'n

...
20.07 | 21:51

Takk for nyttig info

...
14.02 | 20:46

vet ikke om det var noen aldersgrense, men vi har en stall i kommuen her som har ridning til barn fra 4år(tror jeg) :)aktiviteter hver uke :)

...
04.01 | 14:14

Hva er aldersgrensen for dette kurset??
Et annet spørsmål, kunne dere arrangert et effektivt ridekurs for barn?

...
Du liker denne siden